Min mors fortelling

Vi budde på ein gard som heitte Lindås i Sveio kommune, fire mil nord for Haugesund. Leif Larsen, «Shetlands-Larsen», var i dette området og hjelpte folk som rømde frå tyskarane over til Shetlandsøyene. Der rådde England.

Flyktningane gøymde seg i fjella våre før dei fekk hjelp over. For å villeda oss born fortalde dei vaksne at det var troll som hell til oppi fjella, og vi var livredde for dei. Han gjorde med folka sine 52 turar over til Shetland. Han er min store krigshelt!

Det var lite vi små, eg var fire år då krigen braut ut, fekk veta om det som hende langs kysten utfor der vi budde. Forsyningskonvoiar siglde der, og vart torpedert av tyske fly. Omvendt skaut engelske fly tyske skip i senk. Ein gong sto eg åleine på ei høgd og såg utover havet. Då såg eg eit fly bomba eit skip. Skipet gjekk i to og sank. 

Dei vaksne fortalde om ei mor som reiste med rutebåten (eg lydde upåakta). På dekket der ho sat, sto ei kiste. Då båten la til kai der hu skulle av, vart kista boren i land. Ho spurde då kven som var i kista. Dei sa navnet, og då var det sonen hennar som var skoten i kamp mot tyskarane. Ho visste ingenting før då.

Når vi born hadde vore ute og aka kjelke eller leika om kveldane og kom inn i gangen, så høyrde vi dei vaksne snakka inne i stova, men med det same vi opna døra, tagde dei. Då visste vi at dei hadde snakka om krigen.

Kari Sand

Når jeg skaper nye bilder, forsøker jeg å se for meg hvordan en hendelse kunne ha vært. Kanskje en pike forsøkte å roe ned sin gråtende lillesøster, og kanskje sto hun ved siden av en gammel kvinne som satt og leste. Kanskje kvinnen i forgrunnen så på kisten og tenkte på sønnen sin som var ute og kjempet i krigen.